Startside

Om Valdres-killing

Produkt og prisar

Oppskrifter

Bestiling


 

Om Valdres-killing

Kje er ein stor, men lite utnytta ressurs i det norske landbruket i dag. For at geitene skal halde ved like mjølkeproduksjonen, blir det kvart år født om lag 60 000 kje. Om lag 30 % av desse kjea blir til nye mjølkegeiter. For å få utnytta ressursane betre og auke inntekta på kvar einskild gard starta nokre geitemjølkprodusentar ”Valdres-killing” hausten 2003.

Valdres-killing kjøper kjeslakt og står for sal og distribuering. Produsentane leverer sjølve kjea til Helle slakteri. Her blir dei slakta, oppdelte, pakka og lagra. Kjea blir opphavsmerkte og kan difor sporast tilbake til kvar einskild gard.

Kjeingssesongen for geitene her i Valdres er kvart år frå januar til mars. Kjea som skal bli Valdres-killing, blir fora opp på syrna mjølk, høy og kraftfor. Dei går i trekkfrie og turre bingar med god plass til kvart kje, og blir slakta 6–8 veker gamle. Slaktevekta er då frå 4 og opp til 7–8 kilo. Dette produktet har vi kalla ”vårkilling”. Kjea kan også bli slakta etter ein beitesesong. Då får me eit mørkare kjøt med ein litt meir utprega smak. Dette kallar me ”fjellkilling”.

Kjekjøtet har mange positive eigenskapar som gjer det godt eigna til både kvardagsmat og til meir eksklusive rettar. Det er også ypparleg som diettmat. Kjøtet er proteinrikt, magert og velsmakande. I tillegg er det lyst og delikat. Det magre kjekjøtet passar godt til marinering, fordi det lett tek til seg smak frå krydder og marinadar. På grunn av at kjøtet er magert, eignar det seg godt for lang frysing. Slik kan ein ha tilgang på kjøtet gjennom heile året.

Alle geitene i Valdres går ute på fjellbeite om sommaren. Ikkje noko anna husdyr utnyttar beitet så godt som geita. Me ynskjer å ha ho i kulturlandskapet i framtida for å utnytte dei beiteressursane me har, og for å hindre attgroing!

- www.valdreskilling.no - randi.oedegarden@gmail.com - Tlf. 958 06 019 - 2973 Ryfoss