Startside

Om Valdres-killing

Produkt og prisar

Oppskrifter

Bestiling

Linker

 

Oppskrift på Valdres-killing frå Sonja Lee,
restaurant Magma - Oslo

<- fleire oppskrifter

Bressert kjebog/kjeragu

(4 personar)
4 Kjebøger
2 gulerøtar
2 lauk
1 stangselleri
1 purrelauk
2 heile kvitlauk
3 raude paprika
200g tomatpure
2ss kveitemjøl
3dl kvitvin
vatn
30g smør
salt og pepar
50g skinkeknoke el. Bacon
olivenolje
Reinskjær kjebogen for feitt og stempel. Del den i to. Stryk godt med salt på stykkene og vend dei i mjøl. Brun kjøtet godt på begge sider, saman med bacon eller skinkerester. Når alt er godt bruna, ta ut kjøtet og la det kvile. Kutt gulerøter, selleri, lauk, og purrelauk i små terningar. Ha dei i ein kjel og la dei surre seg møre i olivenolje. Tilset litt timian og kvitlauk, delt i to på tvers. Når det har surra til mørt, strør du over eit par gode klyper salt og grovkorna pepar, tilset tomatpurè, og la det blande seg godt med grønnsakane i ca 5 min. Legg kjøttet tilbake og strø over mjøl, bland det heile godt. Slå i kvitvinen og la den fordampe heilt, før du heller i vatn litt etter litt til kjøtet er heilt dekt. Tilset paprikaen i store bitar, og smøret. Set heile gryta med lokk inn i 150 graders varm omn i to timar. Eller la det trekke på plata. Server god og varm med potet og grønnsaker; gulerøter, lauk og purrelauk. Pynt med fersk bladpersille.
- www.valdreskilling.no - post@valdreskilling.no - Tlf. 61 36 80 06 - 2973 Ryfoss