Startside

Om Valdres-killing

Produkt og prisar

Oppskrifter

Bestiling

Linker

 

Oppskrift på Valdres-killing frå Sonja Lee,
restaurant Magma - Oslo

<- fleire oppskrifter

Grilla kje - ribbe

2 heile sider kjeribbe
2 ss honning
2 ss eddik
6 ss ketchup
6 ss soyasaus
1 finhakka lauk
Dette er spesielt godt på grillen ein varm sumardag, men kan sjølvsagt også tilbereiast under grillen i steikeomnen. Utover sumaren er kjea større før dei vert slakta, og eignar seg desto betre på grillen. Bland honning, lauk, eddik, ketchup og soyasaus. Gni ribba godt inn med denne marinada, og la det ligge i minst 20 min. Legg så ribba på varm grill, la den bli godt steikt - karamellisert - på begge sider. Pensle med meir marinade undervegs. Ribba kan gjerne serverast med grilla asparges, vårlauk eller andre grønnsaker, nybaka brød, barbeque-saus, ein frisk salat og heimelaga pommes frittes. Dette er mat som må etast med fingrane! Vel bekomme!
- www.valdreskilling.no - post@valdreskilling.no - Tlf. 61 36 80 06 - 2973 Ryfoss