Startside

Om Valdres-killing

Produkt og prisar

Oppskrifter

Bestiling

Linker

 

Oppskrift på Valdres-killing frå Opplysningskontoret for kjøtt

<- fleire oppskrifter

Kje i rømmesaus

(4 porsjonar)
om lag 1,2 kg kjekjøt med bein (bog, nyrestykke)
eller 800 g kjekjøt utan bein
smør til bruning
1 ½ ts salt
2 kryddermål pepar
2-3 dl vatn
2 ts dill, frisk (eventuelt tørka dill)
1 ½ -2 ½ dl rømme
eventuelt 2 ts maisennamjøl rørt ut i kaldt vatn
Skjer kjøtet i serveringsstykke og brun det raskt i panna. Legg over i gryte, kok ut panna med litt av vatnet og sil over i gryta. Set til salt, pepar og vatn, kok opp og la kjøtet trekke ved 80 grader i om lag 30-40 minutt. Set til rømme og dill dei siste fem minutta. Om nødvendig kan sausen jamnast med maisennamjøl rørt ut i litt kaldt vatn. Serverast med kokte poteter og ein grøn salat. Rømme set du til etter smak. 2 ½ del rømme gir ein mektig rett med ein utprega rømmesmak.
- www.valdreskilling.no - post@valdreskilling.no - Tlf. 61 36 80 06 - 2973 Ryfoss